Gullfeberen ved verdas ende

Somme har uttrykt bekymringar for kva konsekvensane av kunstig intelligens kan vere – at me er i ferd med å sleppe laus språkmaskinar som potensielt kan forvandle, og til og med utslette, sivilisasjonen slik me kjenner den. Likevel er det eit kontrastfylt landskap som utspelar seg på bakken i San Francisco – sjølve hjarte av KI-revolusjonen. Mange av dei unge utviklarane i byen ser ikkje på KI som ei Pandoraeske, men heller som ein gylden sjanse til enorm økonomisk gevinst. Dei oppfattar kunstig intelligens som ein transformerande kraft med enormt potensial til å revolusjonere alle delar av samfunnet, som regel til det betre.

I tredje etasje av den ikoniske Ferry Building i San Francisco kan ein finne den eksklusive klubben SHACK15 – eit «coworking space» spesifikt meint å vere ein boltreplass for gründerar, investorar, kunstnarar, vitskapsfolk og industrileiarar. For rett under 20 000kr i året får ein tilgang til eit ope kontorlandskap innreia etter alle kunstens reglar i nordisk minimalistisk stil og med panoramautsikt over San Francisco-bukta. Her hadde eg gleda av å delta på det tredje arrangementet i ein serie av månadlege diskusjonar ambisiøst nok kalla «The Great Progression» stella i stand av futuristen Peter Leyden. Denne serien, som tidlegare har fokusert på alle mogleikane og dei positive aspektane ved KI, skulle no handle om dei potensielle trugslane som denne teknologien ber med seg.

Sjølv om temaet for kvelden var kor potensielt farleg KI kan vere – med fokus på spreiing av missinformasjon, algoritmisk bias og den eksistensielle risikoen knytt til ukontrollert KI – var det ein unekteleg optimistisk energi i rommet. Eit av innslaga kom frå ein representant frå den yngre kohorten av utviklarar i San Francisco som no samlar seg under merkelappen «Cerebral Valley.» Ein merkelapp som både referer til det store fokuset på KI og det faktum at desse unge utviklarane ofte bur i såkalla «hacker houses» rundt nabolaga Hayes Valley og Alamo Square i hjartet av byen. Den unge utviklaren opna appellen sin med ei forklaring om at «Cerebral Valley» eigentleg starta som ein vits på Twitter, men har no blitt adoptert av denne energiske og framoverlente gruppa som eit merke av stoltheit og fellesskap.

Ho kunne melde at blant dei unge utviklarane i byen tenker ein ikkje så mykje på dei eksistensielle trugslane ved KI, men heller på personlege eksistensielle utfordringar rundt det å skape og drive sin eigen bedrift. Ho framheva San Francisco og Silicon Valley si KI-renessanse, med eit utsegn som vekte gjenklang i salen: «San Francisco og Silicon Valley er i ferd med å krevje attende trona og bli tyngdepunktet for ein revolusjon innan utviklinga av kunstig intelligens! Mange har påstått at San Francisco er døande, men eg vil påstå at det no er Miami og Austin som er døande, for SF er tilbake!» Ho vart møtt med applaus frå publikum. «Eg har møtt hundrevis av menneske frå alle kantar av kloden som kjem her til byen for å ta del i det som skjer. Det kjennest som eit gullrush!»

Kommentaren hennar kan tolkast som både eit forsvar og eit motangrep mot media sin ofte dystre framstilling av San Francisco som ein by i ein nedgåande spiral av kriminalitet og sosial ulikskap, medan andre amerikanske byar som Miami og Austin har stige fram som nye sentrum for teknologiutvikling. San Francisco vart hardt ramma av pandemien, med masseutflytting og konkursar, og den ein gong så livlege bykjernen, spesielt langs hovudgata Market Street, er no stort sett stille og tomt for folk, med unntak av turistane som hopar seg kring kabelvognstasjonen ved Powell Street.

Historisk har San Francisco alltid kavast med sosial og økonomisk ulikskap, eit scenario som kanskje ikkje er uventa i ein by som gjennom tidene har opplevd fleire «boom»-periodar – frå gullfeberen på 1800-talet til dotcom-bobla på slutten av 1900-talet og no den nyaste bølgja av innovasjon drive av KI. I desse periodane er det alltid eit fåtal som opplever enorm suksess, medan dei fleste andre blir ståande på sidelinja.

Samstundes er det nettopp denne syklusen av vekst og tilbakegang som har forma byen sin karakter. San Francisco er like mykje ein idé som ein fysisk stad. Byen representerer for mange ein stad kor grenser er flytande og kor draumar kan bli verkelege, kor risiko er ein del av spelet og kor den neste store ideen kan endre alt. Trass i dei sosiale problema og dei dystre spådomane om byen si framtid, er det tydeleg at San Francisco ikkje har mista sin appell som ein leikeplass for kreative sinn og dristige gründerar.

Tilbake til kvelden på SHACK15, vart «The Great Progression» avrunda med mingling kring baren kor ein kunne få kjøpt drinkar med norske namn som «Tjuvholmen» og kaffi frå brenneriet til Tim Wendelboe. SHACK15 er nemleg eigd av den norske milliardæren Jørn Lyseggen, som grunnla klubben med ein ambisjon om at den kunne bidra til kreativ og intellektuell utveksling. Interessant nok er ikkje dette første gong ein nordmann har hatt ein finger på vektskåla i California. Under det opphavlege gullrushet på midten av 1800-talet, vart den norsk-fødde bankmannen Peder Sæther ein av dei rikaste personane i delstaten gjennom grunnlegginga av Sather & Church, ein bank som tente store summar på å oppbevare verdiane som vart henta ut av gullgruvene kring San Francisco. Som mange rike amerikanarar på den tida, var Sæther oppteken av filantropi. Han var spesielt oppteken av intellektuell fostring, og saman med kona si, Jane, var han sterkt involvert i opprettinga av det som til slutt skulle bli University of California, Berkeley.

Den amerikanske forfattaren Mark Twain sa ein gong at historia gjentek seg aldri, men ho rimar ofte. Det nye gullrushet ser ut til å ar starta, og det er data, ikkje edelmetall, som er det ettertrakta byttet. Som under gullfeberen i gamle dagar, er det ikkje berre dei som finn gullet som kan vinne stort – det er også dei som tilbyr hakker og spadar, eller i vår tid, algoritmar og skytenester. Og midt i denne digitale gruvefeberen finn me San Francisco, byen ved verdas ende, like magnetisk og tiltrekkande som alltid for dei som drøymer om å forme framtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *