Mot æva og forbi: Fellesskap, udøyelegdomsmentalitet og «pionerar» blant deltakarane på RAADfest

Den skarpe California sola skin på gardsplassen til resorthotellet Town & Country i San Diego. Frå verandaen utanfor lobbyen har me god utsikt over både bar- og bassengområdet på gardsplassen. Viktigare enn det, me har god oversikt over kven som kjem og går mellom lobbyen og konferanselokala. Det er onsdag 5. oktober 2022, og det er duka til to nokså ulike konferansar på hotellet denne dagen. Den eine er ein konferanse for unge entreprenørar i hotellbransjen, medan den andre er for entusiastar som ønskjer å leve lengre og, ikkje minst, betre liv. Den sistnemnde konferansen er RAADfest (Revolution Against Aging and Death festival), som vert stelt til årleg (som regel i Sør-California) av Coalition For Radical Life Extension. Ein koalisjon satt saman av ulike grupper opptekne av livsforlenging og udøyelegdom, der i blant People Unlimited Inc., Life Extension Group og Church of Perpetual Life. Oppdraget til koalisjonen er å rette fokus mot og samle inn pengar til å nedkjempe det dei ser som menneske si største utfordring; alderdom og daud. I deira auge er inga sak viktigare, for det er først etter at me har fått radikalt lengre liv at me verkeleg har tid til å fokusere på andre pressande problem som krig, svolt og klimaendringar. Då vil menneskeslekta verkeleg ha tid til å vere der for kvarandre.

Forskargruppa til Technoscientific Immortality-prosjektet var i San Diego for å delta på RAADfest som varte fram til 9. oktober. Fire heile dagar med presentasjonar om det siste innan livsforlengande teknologi og forsking. I dette blogginnlegget skal eg legge fram nokre foreløpige observasjonar me gjorde oss når det kjem til kva for folk som deltek på RAADfest og korleis dei omgår kvarandre. Konferansen i seg sjølv er ein salig miks av akademisk konferanse og salsmesse. Eit samlingspunkt for forskarar, entreprenørar, farmasøytiske selskap, bioteknologiselskap og deira håpefulle publikum. Det skal nemnast at dei økonomiske og akademiske innspela er symbolsk skilt frå kvarandre gjennom at konferansen er delt i to: RAADfest og RAADcity (sjølv om heile arrangementet vert kalla RAADfest). Sistnemnde er ei rein salsmesse, medan førstnemnde inneheld dei intellektuelle bidraga i spedd små drypp av det som kan minne om ei evangelisk gudsteneste.

Frå verandaen me satt og observerte første dagen gjorde me oss opp nokre meiningar som skulle vise seg å verte utfordra over dei neste fire dagane. Det var mange menneske som gjekk forbi. Mange var der nok for å nyte eit opphald ved bassenget, men det var fleire som me antok, basert på heilt overflatisk observasjon, skulle til RAADfest. Dei som var enklast å legge merke til var litt eldre, ganske ofte nokså eksentriske og økonomisk betrestilte, personar med synlege plastisk kirurgiske inngrep i andleta. Blant desse var mange par som nok kan karakteriserast som DINK (Double Income, No Kids) eller DINKWA (Double Income, No Kids, With Animal). Blant dei som gjekk mot konferanselokala var det sjølvsagt også ein del yngre personar, men frå vår utkikspost på verandaen var det vanskeleg å fastslå om dei skulle til RAADfest eller konferansen for unge entreprenørar i hotellbransjen. Det skal nemnast at det var ein del yngre deltakarar med på RAADfest. Mange av dei var der som representantar for diverse firma som sel anti-aldringsprodukt, men somme var der også for å vere med på eit møte for unge kryonikk-kundar stelt til av Bill Falloon.

Observasjonane våre frå verandaen var sjølvsagt noko prega av våre fordommar. Jakta på lengre liv og udøyelegdom vert ofte framstilt, i både media og akademiske publikasjonar, som ein grunnleggande egoistisk ønskedraum. Eit overflatisk ønske som berre rikfolk og dei som er sjukeleg opptatt av seg sjølv kan underhalde. Me la derimot etter kvart merke til at det er mange fleire historier her. Som dei eldre para som ønsker å leve lengre, ikkje grunna ein egoistisk individualisme, men fordi dei er nøydd til å vere der for kvarandre i alderdomen. Eller som foreldre som fortalte oss kor viktig det var for dei å leve lengre for å kunne ta vare på pleietrengande born. Her står altså slektskap og omsorg sentralt i ønsket om evig liv.

Dette er ei gruppe menneske som nok føler seg misforstått av andre utanfor antialdrings- og udøyelegdomsmiljøet. Dei vert sett på som særlingar, i verste fall galningar. Det var merkbart kor mykje folk satt pris på å endeleg vere saman med likesinna. Det var mange djupe klemmar og inderlege samtalar. Det var definitivt eit slags fellesskap der. Eit fellesskap kor, i følgje konferansier James Strole, alle har opplevd traume knytt til dauden. Eit fellesskap som oppmuntrar kvarandre til å stå på og ikkje gi etter for alderdomskomplikasjonane som kjem snikande år for år. Ein kan nemleg ikkje leve for alltid utan å først ha mentaliteten til det. Ein må kunne tenke – manifestere – udøyelegdom. Fleire gongar i løpet av konferansen oppfordra Strole folk til å reise seg og uttrykke jubel for det som vert ytra på scenen. Han leia også ei «bøn», eller meditasjonsøkt, frå scenen på eit tidspunkt slik at folk kunne kome i kontakt med sin indre udøyelege livsgnist.
Som alle fellesskap er fellesskapet på RAADfest både inkluderande og ekskluderande. Ein definerer alltid si inngruppe mot ei utgruppe. Og i udøyelegdomsmiljøet er det definitivt ei kjensle av å vere blant dei utvalde. At ein er i forfronten av det som skal skje. Dette vart klårt framstilt under Ray Kurzweil sin presentasjon om den kommande «singulariteten.» Han sa at dei teknologiske framstega som skal kome ikkje kjem til å vere allment tilgjengeleg til å byrje med, men at dei som sitt i dette rommet kjem til å vere klare når det skjer. I dette rommet sitt det pionerar som skal føre menneskeslekta inn ei ny tid.

Det at førestillinga om «pioneren» står sentralt er interessant. Det ber med seg visse konnotasjonar gitt at USA trass alt er ein settlerkoloni grunnlagd av såkalla pionerar. Kven si historie er det verdt å heidre og etterlikne? Koloniherrane eller dei koloniserte? Under etterfesten på opningsdagen, i avslappa lag, kom dette nokså klart fram. Mange, spesielt blant dei litt yngre deltakarane, hadde eit ønske om å utforske universet. For det var jo dette menneske alltid hadde gjort, berre sjå på den Europeiske koloniseringa av Amerika. Kva elles skal ein liksom finne på? Pioneren som symbol sett dei i direkte i kontakt med ei viss type romantisert fortid, som til ein viss grad fargar deira syn på korleis framtida vil sjå ut. Det er ei framtid med uendeleg ekspansjon ut i det ukjende, men også ei framtid kor somme kjem betre ut av det enn andre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *