print(«Hello, world!»)

Velkommen til Immortality – ein populærvitskapleg blogg for forskingsprosjektet «Technoscientific Immortality: A Study of Human Futures». Dette er eit nyoppstarta sosialantropologisk forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen som utforskar korleis ny teknologi, spesielt livsforlengande og/eller digital teknologi, påverkar kulturelle førestillingar rundt liv, død og sosiale relasjonar i USA og Russland.

Bakgrunnen for prosjektet er at me dei siste tiåara har vore vitne til ei eskalering og intensivering av grensesnittet mellom menneske og teknologi. Kunstig intelligens, medisinske gjennombrot i bioteknologi og eit nytt syn på aldringsprosessen som potensielt reversibel, er blant ei rekke ting som er i ferd med å endre verda og måten me oppfattar oss sjølv på. Ein kan no stille seg forbløffande spørsmål som: Kva skjer i eit samfunn kor menneske ikkje døyr? Kva om menneske fekk ein ny digital form? Til dømes, kan ein menneskeliknande maskin med eit digitalt nedlasta sinn kallast eit menneske? Ville den ha hatt sjølvmedvite og vore eit individ med eigne sosiale relasjonar? Kjem slike dette til å kunne vere mogleg i næraste framtid? Når slike spørsmål gjentatte gangar vert tatt opp i populærkultur, media og vitskaplege kontekstar, er me då vitne til ei endring i kulturelle førestillingar rundt kva som utgjer menneskeleg natur? Og om dette er tilfellet, kva kan det fortelje oss om sosiale og kulturelle endringar generelt i dagens samfunn? På eit meir generelt grunnlag søker forskingsprosjektet å forstå relasjonen mellom førestillingar rundt kva eit menneske er og førestillingar rundt sosiale relasjonar. Kva påverknad har endringar i vår forståing av menneske på korleis me forstår sosiale relasjonar. Det er slike spørsmål, og fleire, som vert utforska i «Technoscientific Immortality» sine seks etnografiske kasusstudiar.

Formålet med denne bloggen er å nå ut til eit breidd publikum og skape eit rom for diskusjon rundt korleis ny teknologi påverkar oss. Her vil de kunne lese om framgangen i prosjektet, interessante observasjonar frå feltarbeid og anna relevant tematikk.

Vi håpar de vil følge med på oss og ser fram til å dele kunnskapen med alle som er interessert!

// Fartein

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *